fredag 29. april 2011

Over 200 millionar skritt!

Det er ikkje småting dei tilsette i Fusa kommune har greidd dei siste vekene: Over 200 millionar skritt - 7,5 mill. kaloriar - over 100 000 km - 2,5 gongar rundt ekvator - 99 000 snittskritt siste veka, dvs ein auke på nesten 20 000!
Harde fakta, humoristisk premiering og eit fantastisk kulturinnslag frå Skråblikk-gjengen på Fusa oppvekstsenter var løna for dei som møtte opp til avslutningsfeiring i går.
Me fekk òg med oss følgjande sanningsord frå prosjektleiar Håvard Ragnhildstveit:
I Fusa kommune er kvar enkelt viktig,
i sum så ser me at dette er riktig!
Fusa i farten har mana det fram,
I saman er me sterke, kvar kvinne og mann! 

tirsdag 19. april 2011

Fenomenal innspurt!

Alle dei 15 laga som har rapportert greidde å passera 70 000. Kommunetunet 2 gjekk seg heilt til topps. Søre Fusa gjekk seg inn på topplista. FBBS 1 auka med over 26 000 skritt. Ungdomsskulen gjekk seg inn att på topplista. Kort sagt: Det har vore ein fenomenal innspurt av alle lag. Gratulerer!

Denne gongen vert det ei 6-på-topp-liste - alle som har passert 100 000 snittskritt fortener i høgste grad ein plass på æreslista. (Og der kan koma fleire når dei siste 5 laga har rapportert..)

6-på-topp:
  • Kommunetunet 2 (124 061)
  • Eikelandsosen skule (121 810)
  • Søre Fusa oppvekstsenter (106 650)
  • Fusa ungdomsskule (105 185)
  • Holdhus oppvekstsenter (104 693)
  • Jettegryto barnehage (104 580)
Hald fram med den flotte innsatsen frå den siste Fusa-i-farten-veka og ha ein god og aktiv påske! Hugs det gjer godt både for kropp og sjel!

Fusa i farten i Fagbladet


"I Fusa møtes vi av brede smil, glad latter og høy aktivitet."
Dette er starten på Fagbladet sine inntrykk frå Fusa og Fusa-i-farten. Les meir av det dei skriv!

tirsdag 12. april 2011

Vedhogst, skiturar og isbading!

Kommunetunet 2 gjekk seg rett inn på topp-5-lista denne gongen. Korleis greier kontorfolket det?
Lagleiar Åshild Bråten melder om mykje veghogst og lange skiturar på ein del av laget. Ikkje minst isbading gjev godt resultat - på alle måtar! seier bademisjonæren.
Vaktmeisterdagen er òg full av skritt, og synfaringar og oppmålingsrundar hjelper på.
Åshild er òg imponert over dei på laget som er veldig iherdige til å gå og set seg som mål at dei skal over 10 000 uansett vêr!

Veldig positivt!

Eitt av laga som har auka jamnt og trutt og stabilisert seg på over anbefalt dagsdose 10 000, er FBBS 4. Lagleiar Åse Kristin Uglehus fortel at Fusa i farten har vore veldig positivt. Mange av dei tilsette på sjukeheimen har auga stegtalet sitt frå veke til veke. Ho syns deltakarane på hennar lag er flinke til å gå på fritida.
Det er heller ikkje få skritt som vert gått i løpet av ein arbeidsdag på sjukeheimen. På ei tidlegvakt kjem me opp i 11-13 000, fortel Åse Kristin, og legg til at med trening på kveldstid er dei mest aktive oppe i over 100 000 i veka.

torsdag 7. april 2011

Kvifor 10 000 skritt?

Me let eksperten vår, kommuneoverlege Camilla Hovig, ta den forklaringa:

Hvorfor 10 000 skritt om dagen? Kroppen og mennesket som helhet er skapt for bevegelse! Fysisk aktivitet gir økt energi og overskudd i forhold til hverdagens krav. Det gir også trivsel, glede og mulighet for sosial kontakt og mental utkobling i tillegg til alle helsegevinstene.
Fysisk aktivitet er også gunstig for den psykiske helsen, samt en rekke kroppslige funksjoner, blant annet søvn.
Ta deg derfor tid til å være fysisk aktiv! Se på det som en investering som er garantert å gi større avkastning enn innskuddet. Ikke mange ting man foretar seg, har den garantien!  
Daglig fysisk aktivitet forebygger i tillegg hjerte- og karsykdommer, type 2 diabetes, høyt blodtrykk, enkelte kreftformer, overvekt og fedme.
Så spørsmålet blir heller: Har du råd til å la være å gå 10 000 skritt om dagen?

onsdag 6. april 2011

Trollskogen til topps

5-på-topp sist veke:
  • Fusa oppvekstsenter 2/barnehagen (123 314)
  • Eikelandsosen skule (120 553)
  • Fusa oppvekstsenter 1/skulen (114 393)
  • FBBS 2 (112 952)
  • Holdhus oppvekstsenter (97 742)
Elles er det gledeleg å sjå at nesten alle laga ligg stabilt over dei anbefalte 10 000 daglege skritta - og at kontorfolket på Kommunetunet 1 denne gongen berre mangla fattige 288 skritt på å nå den magiske grensa. Stå på alle saman dei siste vekene!

Me går jo!!!

Trollskogen barnehage toppar lista denne gongen med 123 314 skritt - eller vel 17 600 snittskritt dagleg. Korleis får dei det til?
"Me går jo!!" seier lagleiar Målfrid Skogseide. Ho fortel at dei går 10 000 skritt på ein vanleg arbeidsdag. I tillegg er dei flinke til å gå på tur, på zumba og på symjing på fritida. "Og så har me ein propell som er heisen - ho trenar heile veka og trekkjer oss veldig opp!" Mange timar på ski i helga var sterkt medverkande til det flotte resultatet sist veke. Målfrid legg heller ikkje skjul på at konkurransen med lag 1 på Fusa oppvekstsenter/skulen er ein ekstra motivasjonsfaktor.
Gratulerer!

onsdag 30. mars 2011

121 millionar skritt

Det er det magiske talet som no er passert av alle Fusa-i-farten-deltakarane. Gratulerer alle saman!

5-pä-topp:
  • Eikelandsosen skule (113 702)
  • Fusa oppvekstsenter 2/barnehagen (107 603)
  • Fusa oppvekstsenter 1/skulen (104 962)
  • FBBS 2 (97 339)
  • Strandvik oppvekstsenter (95 728)
Set deg nye mäl og del gode idear!

tirsdag 22. mars 2011

5-på-topp midtvegs

  • Eikelandsosen skule (125 118)
  • Fusa oppvekstsenter 1/skulen (115 305)
  • Fusa oppvekstsenter 2/barnehagen (110 715)
  • FBBS 2 (102 755)
  • Strandvik oppvekstsenter (95 385)

125 118 skritt!

Eikelandsosen skule toppar Fusa i farten si 5-på-topp-liste når vi er kome midtvegs i steginga vår, med imponerande 125 118 skritt i snitt.
Korleis får dei det til??
- Eit utruleg pågangsmot og veldig unge folk - verre er det ikkje! fortel einingsleiar Britt Mari Gjerde. Ho legg til at ho har oppdaga eit vanvittig konkurranseinstinkt hos dei tilsette. Mykje trening på fritida og mange turar i skog og mark er det som gir slike resultat.
Britt Mari fortel at Eikelandsosen skule har ein særdeles energisk lagleiar. Han understrekar at dette ikkje er ein konkurranse, men ei livsstilsendring. Kvar enkelt set seg mål utfrå dei resultata dei har oppnådd tidlegare.
Av tiltak i arbeidstida har Eikelandsosen skule ein fast fellestur for elevar og lærarar kvar fredag oppover til "vasstårnet". Neste samrådingsmøte vert òg i det fri - under mottoet Team på tur.

torsdag 17. mars 2011

Heihillerhorn etter jobb?

Heihillerhorn er eit eit perfekt turmål som ein ettermiddagsskitur etter jobb. Onsdag 16. mars feira Erik på kultur sine 49 år med ein tur med gode kollegaer frå Kommunetunet til den vesle fjelltoppen i Hålandsdalen. Det var litt hardt føre, men elles perfekt med sol og flott utsikt. Her blir det flott å gå i vekene som kjem. Det er mykje snø i fjellet og lett å finna fram. Manglar du turkart er det berre å ta kontakt med ekspedisjonen i Kommunetunet.
God tur! Helsing Erik

onsdag 16. mars 2011

Ny rekord!

Heile 18 av dei 20 laga har greidd dagsdosen på 10 000 skritt i den tredje rapporteringsveka. Kjempeflott!!!

5-på-topp 3. veke:
  • Eikelandsosen skule (110 536)
  • Fusa oppvekstsenter 1/skulen (103 801)
  • Heimeteneste TFF 1 (88 795)
  • Strandvik oppvekstsenter (88 283)
  • Fusa oppvekstsenter/barnehagen (86 800)
Sjekk aktivitetstilbod på heimeside og blogg, og kos deg med aktivitet ute og inne! Og gløym ikkje å koma med tips!

tirsdag 8. mars 2011

Fusagjengen gjekk til topps!

5-på-topp denne veka:
  1. Fusa oppvekstsenter 1/Skulen (105 076)
  2. Eikelandsosen skule (98 610)
  3. Strandvik oppvekstsenter (96 340)
  4. Holdhus oppvekstsenter (88 700)
  5. Fusa ungdomsskule (88 559)
14 lag har gått meir enn den tilrådde dagsdosen på 10 000 - og ni lag har auka gjennomsnittet sitt. Flott innsats!
Er det nokon som har hatt det kjekt undervegs og vil dela det med oss andre kappgangarar??

mandag 28. februar 2011

Gratulerer Eikelandsosen skule!

5-på-topp etter ei veke med Fusa i farten:
  • Eikelandsosen skule (96 782 skritt)
  • Holdhus oppvekstsenter (95 892)
  • Heimeteneste TFF 1 (94 025)
  • Jettegryto barnehage (93 326) 
  • Fusa oppvekstsenter 1/skulen (93 107).
Vi oppfordrar desse fem til å tipsa oss andre om korleis dei har nådd så flotte resultat!

Andre som har gode tips eller kommentarar? Kom med dei!

tirsdag 15. februar 2011

Gode idéar - i farten?

Frå og med fredag morgon 18. februar er det berre å ta beina fatt og gå alt du lystar! Bruk denne bloggen til å dela med andre korleis det går. Smarte tips? Gode idéar? Gnagsår? Startvanskar? Del med andre kappgangarar og la deg inspirera!