onsdag 30. mars 2011

121 millionar skritt

Det er det magiske talet som no er passert av alle Fusa-i-farten-deltakarane. Gratulerer alle saman!

5-pä-topp:
  • Eikelandsosen skule (113 702)
  • Fusa oppvekstsenter 2/barnehagen (107 603)
  • Fusa oppvekstsenter 1/skulen (104 962)
  • FBBS 2 (97 339)
  • Strandvik oppvekstsenter (95 728)
Set deg nye mäl og del gode idear!

tirsdag 22. mars 2011

5-på-topp midtvegs

  • Eikelandsosen skule (125 118)
  • Fusa oppvekstsenter 1/skulen (115 305)
  • Fusa oppvekstsenter 2/barnehagen (110 715)
  • FBBS 2 (102 755)
  • Strandvik oppvekstsenter (95 385)

125 118 skritt!

Eikelandsosen skule toppar Fusa i farten si 5-på-topp-liste når vi er kome midtvegs i steginga vår, med imponerande 125 118 skritt i snitt.
Korleis får dei det til??
- Eit utruleg pågangsmot og veldig unge folk - verre er det ikkje! fortel einingsleiar Britt Mari Gjerde. Ho legg til at ho har oppdaga eit vanvittig konkurranseinstinkt hos dei tilsette. Mykje trening på fritida og mange turar i skog og mark er det som gir slike resultat.
Britt Mari fortel at Eikelandsosen skule har ein særdeles energisk lagleiar. Han understrekar at dette ikkje er ein konkurranse, men ei livsstilsendring. Kvar enkelt set seg mål utfrå dei resultata dei har oppnådd tidlegare.
Av tiltak i arbeidstida har Eikelandsosen skule ein fast fellestur for elevar og lærarar kvar fredag oppover til "vasstårnet". Neste samrådingsmøte vert òg i det fri - under mottoet Team på tur.

torsdag 17. mars 2011

Heihillerhorn etter jobb?

Heihillerhorn er eit eit perfekt turmål som ein ettermiddagsskitur etter jobb. Onsdag 16. mars feira Erik på kultur sine 49 år med ein tur med gode kollegaer frå Kommunetunet til den vesle fjelltoppen i Hålandsdalen. Det var litt hardt føre, men elles perfekt med sol og flott utsikt. Her blir det flott å gå i vekene som kjem. Det er mykje snø i fjellet og lett å finna fram. Manglar du turkart er det berre å ta kontakt med ekspedisjonen i Kommunetunet.
God tur! Helsing Erik

onsdag 16. mars 2011

Ny rekord!

Heile 18 av dei 20 laga har greidd dagsdosen på 10 000 skritt i den tredje rapporteringsveka. Kjempeflott!!!

5-på-topp 3. veke:
  • Eikelandsosen skule (110 536)
  • Fusa oppvekstsenter 1/skulen (103 801)
  • Heimeteneste TFF 1 (88 795)
  • Strandvik oppvekstsenter (88 283)
  • Fusa oppvekstsenter/barnehagen (86 800)
Sjekk aktivitetstilbod på heimeside og blogg, og kos deg med aktivitet ute og inne! Og gløym ikkje å koma med tips!

tirsdag 8. mars 2011

Fusagjengen gjekk til topps!

5-på-topp denne veka:
  1. Fusa oppvekstsenter 1/Skulen (105 076)
  2. Eikelandsosen skule (98 610)
  3. Strandvik oppvekstsenter (96 340)
  4. Holdhus oppvekstsenter (88 700)
  5. Fusa ungdomsskule (88 559)
14 lag har gått meir enn den tilrådde dagsdosen på 10 000 - og ni lag har auka gjennomsnittet sitt. Flott innsats!
Er det nokon som har hatt det kjekt undervegs og vil dela det med oss andre kappgangarar??