tirsdag 8. mars 2011

Fusagjengen gjekk til topps!

5-på-topp denne veka:
  1. Fusa oppvekstsenter 1/Skulen (105 076)
  2. Eikelandsosen skule (98 610)
  3. Strandvik oppvekstsenter (96 340)
  4. Holdhus oppvekstsenter (88 700)
  5. Fusa ungdomsskule (88 559)
14 lag har gått meir enn den tilrådde dagsdosen på 10 000 - og ni lag har auka gjennomsnittet sitt. Flott innsats!
Er det nokon som har hatt det kjekt undervegs og vil dela det med oss andre kappgangarar??

2 kommentarer:

  1. Gjengen i Kommunetunet nytta kvinnedagen til å dra i gang igjen trimmen på biblioteksloftet. 5 min med friske steg og 10 min med tøying av stive skuldrer og ryggar = eit kvarter med lått og løye. Og så gjer det så godt i kontorkvardagen. Hugs tysdagar og torsdagar kl 11 på loftet!
    Stor takk til Hildegunn som drog i gang og losar oss gjennom :)
    Ella Marie

    SvarSlett
  2. Eg ser at me som jobbar på Kommunetunet har vanskar med å ta opp konkurransen med skulane...:) Men me gler oss over det me får til. Av og til går me opp på hemsen og ned igjen når me skal henta ei utskrift, og det hender me tar oss ein rask tur i lunsjen... Men det viktigaste er at me opplever at dette er kjekt, me er verkeleg glad for dette "puffet" til å koma oss i aktivitet! Og me har hatt auke i antal skritt frå veke 1 til veke 2, me satsar no på at kurva går vidare oppover:)Eg synest at det er god innsats og positiv haldning på laget mitt!

    Anne Helen

    SvarSlett