fredag 29. april 2011

Over 200 millionar skritt!

Det er ikkje småting dei tilsette i Fusa kommune har greidd dei siste vekene: Over 200 millionar skritt - 7,5 mill. kaloriar - over 100 000 km - 2,5 gongar rundt ekvator - 99 000 snittskritt siste veka, dvs ein auke på nesten 20 000!
Harde fakta, humoristisk premiering og eit fantastisk kulturinnslag frå Skråblikk-gjengen på Fusa oppvekstsenter var løna for dei som møtte opp til avslutningsfeiring i går.
Me fekk òg med oss følgjande sanningsord frå prosjektleiar Håvard Ragnhildstveit:
I Fusa kommune er kvar enkelt viktig,
i sum så ser me at dette er riktig!
Fusa i farten har mana det fram,
I saman er me sterke, kvar kvinne og mann! 

tirsdag 19. april 2011

Fenomenal innspurt!

Alle dei 15 laga som har rapportert greidde å passera 70 000. Kommunetunet 2 gjekk seg heilt til topps. Søre Fusa gjekk seg inn på topplista. FBBS 1 auka med over 26 000 skritt. Ungdomsskulen gjekk seg inn att på topplista. Kort sagt: Det har vore ein fenomenal innspurt av alle lag. Gratulerer!

Denne gongen vert det ei 6-på-topp-liste - alle som har passert 100 000 snittskritt fortener i høgste grad ein plass på æreslista. (Og der kan koma fleire når dei siste 5 laga har rapportert..)

6-på-topp:
  • Kommunetunet 2 (124 061)
  • Eikelandsosen skule (121 810)
  • Søre Fusa oppvekstsenter (106 650)
  • Fusa ungdomsskule (105 185)
  • Holdhus oppvekstsenter (104 693)
  • Jettegryto barnehage (104 580)
Hald fram med den flotte innsatsen frå den siste Fusa-i-farten-veka og ha ein god og aktiv påske! Hugs det gjer godt både for kropp og sjel!

Fusa i farten i Fagbladet


"I Fusa møtes vi av brede smil, glad latter og høy aktivitet."
Dette er starten på Fagbladet sine inntrykk frå Fusa og Fusa-i-farten. Les meir av det dei skriv!

tirsdag 12. april 2011

Vedhogst, skiturar og isbading!

Kommunetunet 2 gjekk seg rett inn på topp-5-lista denne gongen. Korleis greier kontorfolket det?
Lagleiar Åshild Bråten melder om mykje veghogst og lange skiturar på ein del av laget. Ikkje minst isbading gjev godt resultat - på alle måtar! seier bademisjonæren.
Vaktmeisterdagen er òg full av skritt, og synfaringar og oppmålingsrundar hjelper på.
Åshild er òg imponert over dei på laget som er veldig iherdige til å gå og set seg som mål at dei skal over 10 000 uansett vêr!

Veldig positivt!

Eitt av laga som har auka jamnt og trutt og stabilisert seg på over anbefalt dagsdose 10 000, er FBBS 4. Lagleiar Åse Kristin Uglehus fortel at Fusa i farten har vore veldig positivt. Mange av dei tilsette på sjukeheimen har auga stegtalet sitt frå veke til veke. Ho syns deltakarane på hennar lag er flinke til å gå på fritida.
Det er heller ikkje få skritt som vert gått i løpet av ein arbeidsdag på sjukeheimen. På ei tidlegvakt kjem me opp i 11-13 000, fortel Åse Kristin, og legg til at med trening på kveldstid er dei mest aktive oppe i over 100 000 i veka.

torsdag 7. april 2011

Kvifor 10 000 skritt?

Me let eksperten vår, kommuneoverlege Camilla Hovig, ta den forklaringa:

Hvorfor 10 000 skritt om dagen? Kroppen og mennesket som helhet er skapt for bevegelse! Fysisk aktivitet gir økt energi og overskudd i forhold til hverdagens krav. Det gir også trivsel, glede og mulighet for sosial kontakt og mental utkobling i tillegg til alle helsegevinstene.
Fysisk aktivitet er også gunstig for den psykiske helsen, samt en rekke kroppslige funksjoner, blant annet søvn.
Ta deg derfor tid til å være fysisk aktiv! Se på det som en investering som er garantert å gi større avkastning enn innskuddet. Ikke mange ting man foretar seg, har den garantien!  
Daglig fysisk aktivitet forebygger i tillegg hjerte- og karsykdommer, type 2 diabetes, høyt blodtrykk, enkelte kreftformer, overvekt og fedme.
Så spørsmålet blir heller: Har du råd til å la være å gå 10 000 skritt om dagen?

onsdag 6. april 2011

Trollskogen til topps

5-på-topp sist veke:
  • Fusa oppvekstsenter 2/barnehagen (123 314)
  • Eikelandsosen skule (120 553)
  • Fusa oppvekstsenter 1/skulen (114 393)
  • FBBS 2 (112 952)
  • Holdhus oppvekstsenter (97 742)
Elles er det gledeleg å sjå at nesten alle laga ligg stabilt over dei anbefalte 10 000 daglege skritta - og at kontorfolket på Kommunetunet 1 denne gongen berre mangla fattige 288 skritt på å nå den magiske grensa. Stå på alle saman dei siste vekene!