onsdag 6. april 2011

Me går jo!!!

Trollskogen barnehage toppar lista denne gongen med 123 314 skritt - eller vel 17 600 snittskritt dagleg. Korleis får dei det til?
"Me går jo!!" seier lagleiar Målfrid Skogseide. Ho fortel at dei går 10 000 skritt på ein vanleg arbeidsdag. I tillegg er dei flinke til å gå på tur, på zumba og på symjing på fritida. "Og så har me ein propell som er heisen - ho trenar heile veka og trekkjer oss veldig opp!" Mange timar på ski i helga var sterkt medverkande til det flotte resultatet sist veke. Målfrid legg heller ikkje skjul på at konkurransen med lag 1 på Fusa oppvekstsenter/skulen er ein ekstra motivasjonsfaktor.
Gratulerer!

2 kommentarer:

  1. Er ikkje forundra ein einaste plass. GODT jobba, damer i Trollskogen :-)

    Helsing Astrid Rysjedal på skulen

    SvarSlett
  2. Eg veit forøvrig at det fins fleire enn EIN propell der hos dåke. Og eg har det frå sikre kilder :-))

    -astrid-

    SvarSlett