fredag 29. april 2011

Over 200 millionar skritt!

Det er ikkje småting dei tilsette i Fusa kommune har greidd dei siste vekene: Over 200 millionar skritt - 7,5 mill. kaloriar - over 100 000 km - 2,5 gongar rundt ekvator - 99 000 snittskritt siste veka, dvs ein auke på nesten 20 000!
Harde fakta, humoristisk premiering og eit fantastisk kulturinnslag frå Skråblikk-gjengen på Fusa oppvekstsenter var løna for dei som møtte opp til avslutningsfeiring i går.
Me fekk òg med oss følgjande sanningsord frå prosjektleiar Håvard Ragnhildstveit:
I Fusa kommune er kvar enkelt viktig,
i sum så ser me at dette er riktig!
Fusa i farten har mana det fram,
I saman er me sterke, kvar kvinne og mann! 

1 kommentar:

  1. Takk for kjempeflott tiltak, Håvard - dette har vore moro!

    Tusen takk òg til Astrid & co på Fusa for eit ugløymeleg kulturinnslag. No ventar me på teksten her på bloggen!

    God og aktiv helg i den fine fusavåren!

    Ella Marie

    SvarSlett