torsdag 17. mars 2011

Heihillerhorn etter jobb?

Heihillerhorn er eit eit perfekt turmål som ein ettermiddagsskitur etter jobb. Onsdag 16. mars feira Erik på kultur sine 49 år med ein tur med gode kollegaer frå Kommunetunet til den vesle fjelltoppen i Hålandsdalen. Det var litt hardt føre, men elles perfekt med sol og flott utsikt. Her blir det flott å gå i vekene som kjem. Det er mykje snø i fjellet og lett å finna fram. Manglar du turkart er det berre å ta kontakt med ekspedisjonen i Kommunetunet.
God tur! Helsing Erik

2 kommentarer:

  1. Likar!
    Kanskje me klarar å arrangera ein fellestur før 14. april, for dei som er interessert?

    Håvard

    SvarSlett
  2. Likar og:)
    Tusen takk Erik, for flott ide og makalaust flott ettermiddagstur:)
    Denne gjengen melder seg nok lett på ein fellestur!

    Åshild

    SvarSlett