tirsdag 15. februar 2011

Gode idéar - i farten?

Frå og med fredag morgon 18. februar er det berre å ta beina fatt og gå alt du lystar! Bruk denne bloggen til å dela med andre korleis det går. Smarte tips? Gode idéar? Gnagsår? Startvanskar? Del med andre kappgangarar og la deg inspirera!

13 kommentarer:

  1. Er skrittelleren klar folkens?
    Gode sko på plass?
    Da er det bare å "spenne i fra"!
    God tur til alle som skal delta.

    SvarSlett
  2. Velkommen til offisiell opning og startmarsj torsdag 17. februar kl 19 ved Kommunetunet!

    SvarSlett
  3. Oppstartsamlinga vert i "hesteskoen" bak Kommunetunet. Vel møtt!

    Håvard Ragnhildstveit

    SvarSlett
  4. Fantastisk helg! Ut for å henta "poeng!"

    Håvard

    SvarSlett
  5. Flot avdelingsmøte på Holdhus barnehage. Me tok det på " strak" arm gåande gjennom lysløypa i strålande solskinn. Slå den !!

    Olaug
    21. feb. 2011

    SvarSlett
  6. Eining rehabilitering tilbyr trening i apparatrom og basseng annakvar fredag på Framo Aktiv. Dette er eit tilbod som er opent for alle som ynskjer det. Det er fysioterapeut til stades i treningsrommet, som kan rettleia deg ift. trening. I bassenget svømmer vi, eller har aktivitetar etter ønske/behov.

    Apparatrom 09.45-10.45 - Pris kr. 20,-
    Basseng 10.45-11.45 - Pris kr. 20,-

    Om du har spørsmål, kan du ringe Pirjo på tlf: 40415557, eller Hilde på tlf: 99273623.

    Erlend.

    SvarSlett
  7. Hei folkens,
    Fusa ungdomsskule hadde Zumba på fellestida vår igår. 21 lærarar og 45 minuttar med moro:-)
    Tusen takk, Laila, for strålande trening:-)

    Me går for gull!!:-)

    Irene, lagkaptein Fusa U.skule

    SvarSlett
  8. Hei alle ivrige Fusingar i farten:)

    Eg har fått inn eit morsomt lite dikt frå IK no når fyrste veka er gått og me skal rapportere inn alle våre steg.

    Då er me til endes på veka med teljar
    som tel kvart eit skritt me har gjenge.
    Men brått tek det slutt med skreving og slikt,
    har du då gjort di rapporteringsplikt?

    Når basunene lyder og bølgene slår,
    St. Peter og Åshild krev skrevlengdemål
    Er det nok best å ha skrive på lista
    før stegeigar for godt vert lagt nedi kista


    Åshild, Kommunetunet 2

    SvarSlett
  9. No ser eg at folka er komne på gli,
    når bloggen vert dekka med høgpoesi.
    Håpar at fleire kjem etter kvart,
    og fortel om kva som set Fusa i fart!

    Håvard

    SvarSlett
  10. Hei alle på Holdhus oppvekstsenter.

    Bra jobba denne uken, flott resultat! :-)


    Torhild

    SvarSlett
  11. Hei, alle Jettedamer! Kjempebra start på Fusa i farten, tross mange sjuke hos oss;-) Det blir ein flott premie til den damo som går lengst, og ein kjekk premie til alle. Stå på vidare!!
    Line

    SvarSlett
  12. Hei Jettedamer og alle Fusingar i farten !

    Det er plass til fleire i bassenget i Eikelandsosen på torsdagar kl. 20 !
    Varmt og godt i vatnet, sosialt og god uttelling på skritt !
    Kjellaug

    SvarSlett
  13. Anne-Merete Hellebø11. mars 2011 kl. 05:39

    - Er du tilsett i Fusa kommune?
    - Likar du lyden av skritteljar om tikkar?
    - Er du sugen på 140 skritt i minuttet?

    Da er Fusa i farten arrangementet i Fusa samfunnshus midt i blinken for DEG!

    Tid: Måndag 21. mars kl. 1600-1645

    Spark og slag til velbehag
    - hovudinstruktør i Fusa karateklubb, Eirik Nordbø visar korleis.

    Ta på grilldress, og kom!

    SvarSlett